Glitrande teltliv

Vår alles sirkuskonge Arnardo satt spor etter seg langt utenfor Sarpsborgs grenser. Denne historien og bildende i den har vi fått lov å gjengi fra museet i Møre og Romsdal. Fortellingen stammer fra Hareid.

Kilde: Digitalt fortalt/ Ingvil Eilertsen Grimstad

Kongar og prinsesser på landeveien

Då eg var lita på 80–talet var Arnardo sirkuskongen. Han hadde kvitt krøllete skjegg, var kledd i lilla paljettjakke og introduserte sirkuset på gebrokkent norsk. Dette trass i at han var frå Sarpsborg.

Då Arne Otto Lorang Andersen (1912-1995) starta Sirkus Arnardo i 1949 hadde han allereie lang sirkuserfaring. I 1926 kom Sirkus Empress til Sarpsborg. Då rømte han med sirkuset, og fekk jobb som stallgut. Då var han 14 år. Etterkvart vart han tryllekunstnar, hypnotisør, slangemenneske, balansekunstnar – og så sirkusdirektør. Han døydde i vogna si, under ei førestilling. Det var slik det måtte vere.

Sirkus Arnardo er framleis på vegane, med sonen Arild og barnebarnet, ”sirkusprinsessa” Helen. I år, som alle andre år, følger Sirkus Arnardo 17. mai–toget i Ålesund med bilane sine. På kongeleg vis, må ein vel seie.

Gjøglarveien

Sirkus kjem av ordet Cirkus Maximus, arenaene for hesteveddeløp og gladiatorkampar i Romarriket. Det moderne sirkuset oppstod i 1768, i London. Sirkusets far, Philip Astley, gjorde det geniale å sette saman allereie eksisterande kunstar og tradisjonar. Hestane var det viktigste innslaget, og han let dei gå i ring. Mellom hestenummera fekk omreisande gjøglarar sleppe til. Slik vart manesjen født.

Arnardo og sirkuselefant på 60-tallet. Eier: Sirkus Arnardo
Arnardo og sirkuselefant på 60-tallet.
Eier: Sirkus Arnardo

Det har vore gjøglarar til alle tider, men det var først på 1600–talet vi veit at dei begynte å reise rundt. Det første gjøglarfølget kom til Norge i 1664. Sjølv om det var greitt å kome seg til kystbyane i båt, var Norge utanfor allfarveg. Gjøglarruta gjekk frå sør-Europa og austover. Dei stoppa og viste seg fram ved marknadane i København, Gøteborg, Stockholm, Helsingfors – på veg mot det endelege målet; St. Petersburg. Det var ofte heile familiar som reiste i lag. Slik oppstod sirkusfamiliane. Slik gjekk sirkuslivet i arv, og skapte små internasjonale reisande samfunn.

Første sirkus på Søre?

Å finne ut nøyaktig kva tid det første sirkuset kom til Søre Sunnmøre er ikkje enkelt. Det kan kome av at sirkus er eit flyktig fenomen – i tillegg til at det nok ikkje alltid vart rekna som stuereint. - Litt syndig, som ei av dei eldre kjeldene mine sa. Han var ung på 1930- og 40-talet, og familien hadde heller ikkje råd til slikt. Det viste seg derimot at kona hans hadde vore på sirkus. Og ho hadde ikkje oppfatta det som syndig. Det anar meg at dette kjem av det skarpe skiljet mellom dei religiøse og dei frilynde kulturmiljøa den gongen.

Det er litt uklart kva sirkus ho kan ha vore på. Det kan ha vore Sirkus Empress (1931–1959) eller Sirkus Berny (1946–1979). Begge sirkusa hadde på denne tida kvinnelege sirkusdirektørar – høvesvis fru direktør Anna Leonardi, av dansk sirkusfamilie, og Elvira Hoffmann Berny, svensk-norsk linedansarinne av sirkusfamilie tilbake til 1600-talet. Anna Leonardi hadde jobba som sirkusartist i Amerika, hos storsirkuset Ringling Brothers and Barnum & Bailey. Spesialiteten hennar var hestar.

Det er muleg Arnardo var med Sirkus Empress som artist, men lite truleg at det var hans sirkus som var her så tidleg som på 40-talet. Den første sesongen hans var 1949, men då brukte han tog som framkomstmiddel, og då kan ikkje Søre Sunnmøre ha vore på lista.

Den ekstreme kroppen

Mr. Arnardo på 30-tallet. Foto og eier: Sirkus Arnardo
Mr. Arnardo på 30-tallet.
Foto og eier: Sirkus Arnardo

Sirkus handlar mykje om ekstreme fysiske prestasjonar. Sirkus Løwe (1952–1974), som kom fast hit til området, tok namnet fordi direktør Eugen Berg var sterk som ei løve. Dei hadde nok ingen ekte løver i båtfrakten. Slangemenneske, fakirar og trapéskunstnarar pressar grensene for det som synest muleg for menneskekroppen. Til stor jubel.

Denne fascinasjonen har også ei skuggeside. Frå 1840–talet fram til omlag 1940 var det vanleg å stille ut menneske med fysiske avvik, slike som kortvaksne, kjempar og siamesiske tvillingar. Det var den amerikanske sirkusmannen Phineas T. Barnun (1820–1881) som først sette dette i system. Han utnytta marknadsverdien til det ekstreme. Ein av dei mest berømte var den kortvaksne ”Tom Thumb”, Tommeliten. Tommeliten vart ein svært velståande mann. Det vart på langt nær alle dei andre som vart vist fram på denne måten. Haldningane endra seg, og showa vart forbodne.

Har sirkuset ei framtid?

Å drive sirkus er beinhardt arbeid. Sirkushistoria er full av konkursar, og også personlege tragediar. Årsakene er mange. Bransjen klagar på dei aukande krava og restriksjonane frå myndigheitene. I det siste har det vore mykje fokus på dyra. Særleg elefantane. Både Arnardo og Merano har vore under lupa. Sirkus Agora prøvde seg utan dyr, til stor jubel frå dyrevernorganisasjonane. Forsøket enda dessverre i konkurs, og sirkusdirektør Smørdal har varsla at han i neste forsøk vil ta tilbake dyra.

Sirkuset følger i liten grad med på dei skiftande trendane elles i kulturlivet. Sirkusteltet er litt som ein tidskapsel. Det skjer mange fantastiske ting der inne, men ikkje eigentleg noko nytt. Dette er sirkuset sin store fordel – fordi det alltid svarar til forventningane og set oss i den spesielle sirkusstemninga. Men det er også sirkuset si ulempe – fordi det dermed ikkje er så interessant for media.

No er det ting som skjer i sirkus-Norge. Kulturrådet har for første gong gitt støtte til sirkus, gjennom nysirkuslandsbyen Sirkus Xanti. Nysirkuset har ikkje dyr, men dyrkar sirkusartistane si kunstnariske framføring.

Sanselege minne

Sirkus Merano, Sirkus Arnardo, Sirkus Zorba og – kanskje om litt - Sirkus Agora, klarer framleis å begeistre. Av og til er lykka, sjølv i 2010, lukta av sagmask, lyden av trommevirvlar, synet av flakkande lyskastarar og glitrande kostymer, smaken av sukkerspinn – og ei prinsesse høgt oppunder taket.